Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Invitasjon – ope møte med den kjende landskapsfotografen Oskar Puschmann

13. oktober 2022-19:00 - 21:00

Oscar Puschmann

Verdsarvmidlane har betydd mykje for korleis vi har klart å skjøtte kulturlandskapet i verdsarvområdet, og det er viktig at desse effektane vert dokumenterte fordi dette er statlege midlar som skal forvaltast på best mogleg måte.

Oskar Puschmann er etter kvart blitt landskjent for den unike metodikken han har utvikla for å dokumentere kva som skjer av landskapsendringar her i landet. Han brukar gamle landskapsbilete m.a. frå kjende landskapsfotografar (Wilse og Lindahl) og refotograferer motiva deira frå nøyaktig same posisjon som dei tok sine bilete. Dermed får ein fram dei store endringane som skjedd på ein svært tydleg måte.

Puschmann arbeider ved Norsk institutt for bioøkonomi – NIBIO på Ås og reiser landet rundt for å dokumentere slike landskapsendringar. Mykje av materialet hans er publisert i fleire riksaviser (m.a. Aftenposten og Nationen (fast innslag)). Om du går inn på heimesidene til NIBIO vil du finne omfattande materiale frå mange ulike delar av landet: https://www.nibio.no/tema/landskap/tilbakeblikk. Du finn også motiv frå området vårt frå tidlegare opphald.

Puschmann oppheldt seg i Geiranger i sommar, og rakk då på fire dagar – i sol og stille, regn og tåke – å refotografere om lag 100 bilete.

Oscar Puschmann

Han vil no kome for å informere om både arbeidsmetodikken sin og resultata av arbeidet.

Eg trur denne kvelden gir mange ei stor oppleving. Vi opnar også for innspel om kor vidt vi skal vidareføre prosjektet til neste år.

Stad       :  Fjordsenteret i Geiranger
Tid         : Torsdag 13.10, kl. 19:00.

 

Detaljer

Dato:
13. oktober 2022
Tid
19:00 - 21:00
Kategori for Arrangement: