Ønskjer ikkje villcamping

I arbeidet med å få på plass ei ordning med fellesgodefinansiering i området, er det sendt ut eit notat, og med ønskje om tilbakemelding på aukande villcamping i Geirangerfjorden verdsarvområde med omland.

Julearrangement i ei korona-tid

Sjølv om korona-epidemien og smitteverntiltak dominerer kvardagen og nyheitsbildet blir det basar, julelotteri og meir i Sunnylven. Ikkje som arrangement, men trekning mellom loddkjøparar på loddbøker.

To brannmenn slutta

Ved Hellesylt brannstasjon vart det markert at to av brannvernet sine folk på Hellesylt har slutta, eller skal slutte. Brannsjef i kommunen Inge Teigen overrekte Magnar Hauge og Arne Ringdal krystallvase og blomar frå kommunen.

Minner om innlevering av trimskjema.

Trimgruppa minner om at trimskjema for 2020 no må leverast inn for å kome med i trekninga av premiar. Trimskjema kan leverast inn på Coop Marked på Hellesylt. Innleveringsfrist var sett til søndag 15. november. Innleverte skjema vil bli henta inn ein av dei næraste dagane. Dersom du ynskjer...

Nytt instrument i bruk i kulturskulen

Gode krefter har starta ein kulturdugnad for Storfjord kulturhus som har økonomiske vanskar. Laurdag var det lunsjkonsert der kulturskulelærarar og elevar tok i bruk eit nytt instrument i «storstova» på Stranda.

Sunnylven sanitetslag held basar

Det blir basar i Sunnylven sanitetslag, ikkje som arrangement med sal av kaffi og kaker, men loddsal på bøker og trekning av gevinstar. Loddsalet startar på Hellesylt fredag 13. november.