Avlyser julemessa på Hellesylt

Koronasituasjonen og stadig strengare smittevernreglag gjer at Sunnylven bygdekvinnelag avlyser den planlagde julemessa på Hellesylt 28. november. Laget avlyser også julebordet for medlemane som skulle vere 20. november.

Kjende til problema for cruisetrafikken

Det kom ingen konkrete lovnader om endringar for utslepp frå båt –og cruisetrafikken under møtet ordførar og styreleiar i Standa hamnevesen hadde med statsminister Erna Solberg, men ho var orientert og signala var positive.

På tur for overvintring

To sangsvaner har gjort stopp på Helsetvatnet, ein fast plass på veg til overvintring i Norge. Kanskje kjem det fleire også dei neste dagane.

Strikkekvelden AVLYST

Mange har møtt fram på dei to strikkekveldane som Sunnylven sanitetslag har arrangert til no i haust. Neste strikkekveld på Hægstad Gård 10. november er AVLYST!

Aukar produksjonen av Alpepølsa

Alpepølse frå Ole Ringdal AS fall i smak hos juryen under NM i kjøttprodukter nyleg. Der fekk produktet den blankaste medalja som er råd å få, nemleg gullmedalje med diplom.

Lagbilete av fotballag

Søndag 25. oktober var det avslutningsarrangement på badestranda på Hellesylt for tre fotballag frå Sunnylven IL sesongen 2020. Her presenterer vi bilder av dei tre laga frå aldersbestemt avdeling.

Korsbrekkelaksen «kjem heim»

Tilbakemeldinga frå Veterinærinstituttet i Trondheim var farga gul, for alle dei tretti stamlaksane som vart tekne inn til klekkeriet i Husøyna i år var villaks av Korsbrekke-stamma. No blir nye 100 000 yngel produsert for utsetjing til våren.

Feira gullprodukt ved Ole Ringdal AS

Under NM i kjøttprodukter 2020 henta Ole Ringdal AS heim to gullmedaljar, for spekemør i kveil, og Alpepølse snabb. Dermed vart dei tilsette i bedrifta invitert til kakefest i kantina i år igjen.