Rocka på den kulaste scena
-Dette er en ære, og heilt ærleg, dette er den kulaste scena vi har stått på. Slik ordla vokalist Michael Charlotte seg då han helsa til eit 50-talls publikum under opning av rockekonserten på Ljøen laurdag kveld.
-Dette er en ære, og heilt ærleg, dette er den kulaste scena vi har stått på. Slik ordla vokalist Michael Charlotte seg då han helsa til eit 50-talls publikum under opning av rockekonserten på Ljøen laurdag kveld.
Stranda sogelag har halde årsmøte med val, litt etter oppsett dato på grunn av korona-epidemien. Ny styreleiar etter Jens Arne Hessegjerde vart Velaug Vassbotn.
I februar i år sende Stranda kommune ein førespurnad til NVE og bad om eit svar på om tre småkraftverk som fekk konsesjon inndrege av Olje –og energidepartemantet kunne søkje på nytt. Vedtaket kan fagetaten ikkje gjere om.
Då er snøen borte og sommaren komen også i Holedalen. God vassføring i elva som biletet frå sætrestølen på Holesida.viser.
– Livshistoriene til kjeldene våre følger med oss på vegen fram. I denne prosessen har dei inspirert oss og hjelper oss med å sette retning for framføring og arrangement.
Sjølv om det er gjort bestemmelsar frå Miljødirektoratet, om at jegerar som skaut opp til prøve i fjor slepp å skyte opp i år, oppmodar Sunnylven skyttarlag jegerar til likevel å ta turen innom skytebana i Hyttehola for prøveskot og trening.
Tidleg i juni vart det halde årsmøte i Sunnylven Idrottslag, nokre månader etter vanleg årsmøtetid, grunna korona-situasjonen. Per Ingebrigt Karbø held fram som leiar i laget.
Det blir andeslepp i Hellesyltfossen også denne sommaren. Ingen av dei 2000 plastendene som HUL har passa på er smitta av korona. Alle er klare for konkurranse søndag 5. juli, i Hellesyltfossen. No håper arrangøren at mange kjøper lodd.
Det blir konsert med Koala Queen, eit ungt, lovande rockeband frå Oslo som består av fem medlemer. Konserten på Ljøen laurdag kveld blir sommarens andre høgdepunkt i Fjellgården sitt Amfi.
Sist torsdag opna Hellesylt FjordHotell den nye kafeteriaen og puben sin i første etasje i det gamle Grand-bygget. Før opninga hadde lokala gått gjennom ei oppussing som har fått mange lovord. – Eit mål har og vore for oss å ta vare på det gamle, fine miljøet i...
John Egil Giørtz Jacobsen i Flakkgruppen var innom Hellesylt nyleg for å sjå til hus og eigedom til selskapet. Av det han såg innom var mellom anna uteområdet ved Grand Hotell.
Gjennom Stranda kommune vart det søkt fylket om 577.000.- kroner i tilskot til istandsetjing av det gamle våningshuset i Hellesylt Bygdetun. Søknaden vart ikkje imøtekomen.
Fyrstkomande søndag 14. juni kl. 13.00 blir det friluftsgudsteneste på Bygdastølen i Moldskreddalen, Sunnylven, ved prest Kjell-Roger Isene. Velkomen!
Hellesylt Ungdomslag og badehusstyret må bygge ny trapp for badegjestane sine. To trinn i trappa frå badehuset til sjøen brotna nyleg av roteskade.