Strikkekvelden AVLYST

Mange har møtt fram på dei to strikkekveldane som Sunnylven sanitetslag har arrangert til no i haust. Neste strikkekveld på Hægstad Gård 10. november er AVLYST!

Aukar produksjonen av Alpepølsa

Alpepølse frå Ole Ringdal AS fall i smak hos juryen under NM i kjøttprodukter nyleg. Der fekk produktet den blankaste medalja som er råd å få, nemleg gullmedalje med diplom.

Lagbilete av fotballag

Søndag 25. oktober var det avslutningsarrangement på badestranda på Hellesylt for tre fotballag frå Sunnylven IL sesongen 2020. Her presenterer vi bilder av dei tre laga frå aldersbestemt avdeling.

Korsbrekkelaksen «kjem heim»

Tilbakemeldinga frå Veterinærinstituttet i Trondheim var farga gul, for alle dei tretti stamlaksane som vart tekne inn til klekkeriet i Husøyna i år var villaks av Korsbrekke-stamma. No blir nye 100 000 yngel produsert for utsetjing til våren.

Feira gullprodukt ved Ole Ringdal AS

Under NM i kjøttprodukter 2020 henta Ole Ringdal AS heim to gullmedaljar, for spekemør i kveil, og Alpepølse snabb. Dermed vart dei tilsette i bedrifta invitert til kakefest i kantina i år igjen.

Møter statsministeren 9. november

Ordførar Jan Ove Tryggestad er spent framfor møtet med Erna Solberg 9. november. Sak på møtet er løysingar for cruisetrafikken i verdsarvområdet fram til dato for nullutslepp. Og kanskje blir det invitasjon til Stranda på statsministeren frå Høyre. -Det har den siste tida vore betydeleg bevegelse kring spørsmåla...

Vil diskutere klima –og miljøkrav med Erna Solberg.

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad og leiar i Stranda Hamnevesen KF, Per Erik Dalen ønskjer å diskutere nullutsleppsløysingar med statsminister Erna Solberg. I eit brev til statsministerens kontor foreslår dei aktuelle løysingar. Ordførar Jan Ove Tryggestad og styreleiar i Stranda Hamnevesen KF, Per Erik Dalen ønskjer...

Kveldsrenn på rulleski

Det var flotte forhold då ski/skiskyttargruppa i Sunnylven IL arrangerte sesongens fyrste langrenn måndag kveld. Og føret baud ikkje på smørjingsproblem, for rennet gjekk på asfalt og rulleski. Ski –og skiskyttargruppa i Sunnylven IL hadde merka opp tre løyper med ulike lengde med start og mål i området...