Sunnylvingen 30. april 1982.
I Sunnylvingen frå 30. april 1982 kunne ein mellom anna lese om sjeldne Gjes(s)tar. Old-boys-laget tok 3. plass i stafett […]
I Sunnylvingen frå 30. april 1982 kunne ein mellom anna lese om sjeldne Gjes(s)tar. Old-boys-laget tok 3. plass i stafett […]
I Sunnylvingen frå 16. april 1982 var det mest fokus på den VERSTE SNØVERSPÅSKE I MANNS MINNE. Men det var […]
Storfjordstemnet 2021 er lagt til Ljøen søndag 29. august. Stemnestad er amfiet på Fjellgarden Øvre Ljøen.
Etter snart to sesongar utan cruisebåtar til Hellesylt og Geiranger kjem det fleire anløp ut over hausten. Fyrste båt er venta til Geiranger laurdag 21. august.
Endeleg blir det fotballkampar på Hellesylt stadion for Sunnylven Fotball sine tre lag i aldersbestemte klasser. Fyrste haustkamp på heimebane blir spela i dag tysdag 17. august. Sunnylven J13 møter Gurskøy på Hellesylt stadion i kveld tysdag 17. august kl. 18.30. Her er oversikt over dei andre kampane...
Leiar Astrid Langeland helsa vel møtt med sang til 65 medlemer då Sunnylven pensjonistlag hadde treff på Hægstad Gård søndag kveld. Musikarane i Fossedur stod for underhaldninga.
Laurdag 14. august stod Jarle Bernhoft på scena i Fjellgården Øvre Ljøen amfi. Etter ein sommar med fleire store artistar var dette årets siste sommarkonsert på ei scene enkelte har kalla landets flottaste konsertarena.
Sommarens avslutningskonsert i Fjellgården Øvre Ljøen amfi vart eit fyrverkeri frå solovirituosar, fyrst unge Kristian Haug og deretter sjølvaste Jarle Bernhoft.
Kommunal -og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) besøkte Hellesylt fredag. Her fekk han orientering om fleire ting, mellom anna vanskar som cruisenæringa har møtt og vil møte, og storsatsing på turistnæring.
I brev til Stranda kommune krev Langøylia hytteforening utbetring av vegkrysset mellom fv 60 og den kommunale vegen til Langøylia som er tilkomst til hyttefeltet.
Helga 13. og 14. august er siste musikalske oppleving i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi. Gå ikkje glipp av konsertoppleving med ein av norges beste gl-gitaristar fredag kveld, eller Kristian Haug og Jarle Bernhoft kvelden etter.
Sunnylven pensjonistlag inviterer til treff på Hægstad Gård, Hellesylt søndag 15. august. I tillegg til enkel servering og tombola blir det konsert med Fossedur.
Jan Erik Øksvang på Storstein i Sunnylvsbygda merka jordskjelvet godt måndag 2. august. Det dura, small og til slutt rista heile huset, fortel han like etter at jordskjelvet var over.
Festivalen Lamaland er blitt arrangert ved Fjellgården Øvre Ljøen Amfi i helga. Laurdag var andre og siste kveld med rockemusikk av band frå store deler av landet.
Fredag vart ei informasjonstavle på badestranda på Hellesylt avduka. Tavla er betalt av Hellesylt Ungdomslag og sett saman i bilder og tekst av designar Anne Jorun Sæten.