Stor Jentebølgje på Hellesylt

    På Hellesylt flytta ei stor bølgje seg i raskt tempo oppover mot Sunnylvsbygda onsdag. Ved vegkrysset til Stadheim snudde den og kom i retur.

Ny stor båt til kai

Onsdag la cruisebåten Costa Fortuna til ved Hellesylt kai, ein diger koloss på heile 272 meters lengde.

Spanderte grillfest på skulen

Dei første pølsene frå grillsjef Ole Arnstein Ringdal er ferdig til servering Å ha ein av Norges beste produsentar på grillmat som nabo kan gje både overraskingar og glede. Det fekk elevar og lærarar ved Sunnylven skule oppleve tysdag.

Sterkt budskap om russkadar

Omlag 40 elevane ved Sunnylven skule og like mange foreldre møtte til informasjonsmøtet om narkotika måndag. Arrangør var FAU ved skulen, og til å informere var hyra inn Frode Tafjord frå Ålesund.

Opna Litlebø kraftverk

Borghild Lillebø Hauso hadde leita fram ei saks laga av Ole Kjellstad i 1860 då ho skulle klippe silkebandet og opne Litlebø Kraftverk. Snora i nasjonalfargar vart kutta og dermed var ei ny livsåre i Tryggestadgrenda offisielt i drift.

Tema-møte om narkotika

Etter ønskje frå elevrådet arrangerer FAU ved Sunnylven skule tema-møte om narkotika måndag 4. juni. Møtet er ope for elevar frå 6. til 10. klasse og for foreldre.

SPAR Jentebølgja lokalt

Mosjonsløpet SPAR Jentebølgja er for jenter i alle aldrar. Den 5. km. lange trimmen blir arrangert fleire stade i mai og juni, også lokalt i Sunnylven.

Ny storsiger til damelaget

Sunnylven/Stranda vann damekampen 12-1 mot Bergsøy på Stranda stadion onsdag. I storsigeren skåra Kirsti Frøysadal Hauge sju av måla.

Storspel av Sunnylven

Det vart kalassiger for Sunnylven då dei nedkjempa Haddal 7-1 på bortebane tysdag. Kampen var årsbeste av Sunnylven, meinte trenar Jens A. Forbord.

Bygdekvinnelaget inviterer på tur

Sunnylven bygdekvinnelag arrangerer tur for sine medlemer laurdag 9. juni med oppmøte ved Sunnylven samfunnshus kl. 10.00. Der i frå går turen med buss gjennom Norangsdalen til Urke Gartneri og tilbake til matservering på Villa Norangdal.