Romjulsspel for fullsett sal

Sjukdom hos fleire av skodespelarane i HUL-teatret heldt på å setje ein stoppar for skodespelet 4. juledag. Heldigvis slepte influensa taket i tide, så pass at ein fullsett sal i Sunnylven samfunnshus fekk oppleve ei ny romjulskomedie. Tradisjonen tru vart det ei ny komedie, full av sleivspark og...

Julekonsert for fullsett kyrkje

Dei unge, gode song og musikkreftene i Sunnylven hadde spleisa seg saman til julekonsert søndag. Ei nær fullsett kyrkje fekk oppleve to minnerike timar som kveikte den gode julestemninga.

”Plassen der dei vil noko”

Næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal fekk den ærefulle oppgåva å ”kveikje” ljoset i Hellesyltfossen søndag 21. desember. Ei hending svært mange møtte framfor å oppleve.

«Elva Mali» stakk av

Elva Mali har hatt tilhald ved Hellesyltfossen og Hellesylt bro i alle år. Då flaumljoset vart sett på i fossen søndag kveld 21. desember, kom Elva Mali fram, og stakk av. Men reiste ho for godt?

Fekk pengar til gapahuk

Under juleavslutninga vart elevrådet og Sunnylven skule overrekt ein gåvesjekk på 10.000 kroner frå Sparebanken Møre.

Ny drivar av Peer Gynt Galleriet

Einar Aasestrand, som eig Hellesylt Vandrerhjem, har inngått leigeavtale med 62 Nord om å drive Peer Gynt Galleriet og motellet ved Grand Hotel på Hellesylt i 2009.

*Julestemning i fossen søndag*

Alt er i rute til lyssetjing av Hellesyltfossen komande søndag kveld. Det lovar Svein Sporstøl, koordinator for ei lokal storhending der både verbale og musikalske innslag er del av markeringa.