Sunnylvingen 30. april 1982.
I Sunnylvingen frå 30. april 1982 kunne ein mellom anna lese om sjeldne Gjes(s)tar. Old-boys-laget tok 3. plass i stafett […]
I Sunnylvingen frå 30. april 1982 kunne ein mellom anna lese om sjeldne Gjes(s)tar. Old-boys-laget tok 3. plass i stafett […]
I Sunnylvingen frå 16. april 1982 var det mest fokus på den VERSTE SNØVERSPÅSKE I MANNS MINNE. Men det var […]
Gamlevegen frå Rindekroken ved Frøysa til Vardegjølet er rydda og god som turveg. Og på høgste punktet er rasteplass med bålpanne og plass til mange rundt eit steinbord.
Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL sin gode langrennsløpar gjekk inn til sjette plass i K 19/20 år under Natrudstilrennet på Sjusjøen laurdag.
Langrennsløparen Andrew Young, GBR, som har trenar med medlemskap frå Sunnylven IL, kom på tredje plass under WC i sprint langrenn i Davos laurdag. Italienske Frederico Pellegrino vann føre Alexander Bolshunov, Russland.
Fylkesmannen har stadfesta Stranda kommune sitt vedtak for områdereguleringsplan Langeland / Tryggestad. Vedtaket kan ikkje påklagast og er endeleg.
«Annleisjula» i Sunnylven kyrkje, -slik skriv Ann Kristin Langeland i programmet om jula i kyrkja i jule –og nyttårshelga. Det blir endringar frå det tradisjonelle, mellom anna at talet på personar ikkje skal vere over 50 ved kvar gudsteneste.
Også i år vart den sesilianske helgendama Lucia feira på Sunnylven skule. Seks elevar i fyrste og andre klasse bar lys, song og spanderte lussekattar på dei andre elevane og tilsette ved skulen.
Hellesylt Boutique & Bar har god kaffi og praktiske og smakfulle julegåver. Eigar av kaffibaren, Ellen Angelika Fivelstad har ope for gokjøp og peiskos mange dagar både før jul og i romjula.
Tradisjonen tru vart det juleverkstad på Sunnylven skule også i år. I kyrkjelydshuset i Hellesylt sentrum jobba elevane i småskulen og mellomsteget trufast, og fekk god rettleiing av sine lærarar.
Under familiegudstenesta i Sunnylven kyrkje søndag, vigsla sokneprest Svein Runde det nye pianoet kyrkja har motteke som gåve. Og Runde var glad for å få fortelje at gjevaren var Beate Hole og at han no på vegne av kyrkjelyden fekk lov å takke henne for den storfelte gåva....
Renovering av Sunnylven skule starta med å «strippe» bygget heilt ned og inn til betongkonstruksjonen. No fire, fem månader seinare er gjenreising av eit nytt og tenleg skulebygg kome godt i gong.
Møre og Romsdal Senterparti har halde digitalt nominasjonsmøte og sett opp valliste til Stortingsvalet 2021. På fyrste plass står Jenny Klinge frå Surnadal.
I 2021 startar The Fjords opp ferjeruta på Verdsarvfjorden mellom Hellesylt og Geiranger 1. mai. Siste tur går 30. september.
Regjeringa har stilt til disposisjon nye 300 millionar for reiselivsnæringa til å gjennomføre omstillingsprosjekt i samband med koronakrisa.
«På saltsteinen» – Det vart namnet på den vakre skulpturen framfor banken. Eit samrøystes styre valde dette framlegget i bunken på i alt 102 innkomne forslag. Vinnarframlegget i tevlinga som banken lyste ut, var sendt inn av Elina Alme, Stranda, og ho vil få seg tilsendt ein sjekk...