På tur i det blå

Laurdag var opplegget klart for den årlege blåturen for medlemane i Sunnylven bygdekvinnelag. Berre styret og vertskapet visste om reisemålet. Dei enda på ei seter til livleg ”drøs” og servering av kaffi og steinomnsbakt brød.

Hellesylt til topps

Bygda Hellesylt i Stranda kommune gjekk heilt til topps i konkurransen om prisen Utviklingsbygda 2009. Ei tildeling vi set stor pris på, seier leiaren i Hellesylt Vekst, Inge Hole.

Best likt av kundane

Spar Ringdal & Co på Hellesylt vart på landsmøte på Gardermoen i april tildelt prisen som beste butikk i region Møre. Utmerkinga kom overraskande, men var svært gledeleg, seier Liv Jorunn og Svein Sporstøl ved butikken på Hellesylt.

Finpussar på 17. mai-tale

I år blir talen for dagen under folkefesten på samfunnshuset 17. mai halde av elevane i 10. klasse ved Sunnylven skule. No finpussar dei på manuskriptet til det ærefulle oppdraget.