Flott fotballhelg

Fotballen i Sunnylven IL har hevda seg flott denne helga. Dei tre 11-ar laga har alle vore i aksjon og henta heim poeng.  

”Verkstedet” fekk 200.000 i tilskot.

Etter søknad har Gjensidigefondet innvilga 200.000,- kroner i tilskot til opprusting av ”Verkstedet”, lokale for ungdomsklubben på Hellesylt som  vart skipa i mars i fjor. Også Stranda kommune har gjeve tilsagn om økonomisk støtte til arbeidet.

«Aasen Opplevelser a/s» leiger Peer Gynt Galleriet

Roar Aasen og Per Egil Aasen, som står bak aksjeselskapet ”Aasen opplevelser”, har inngått avtale med 62 Nord om leige av Peer Gynt Galleriet på Hellesylt, i fyrste omgang fram til 1. oktober. Det blir ope måndag 2. pinsedag.

Foreslår flytting av ferjeleie

I framlegg til stadanalyse for Hellesylt forslår konsulentfirmaet Rambøll Norge a/s å flytte ferjeleie til området ved Hellesylt bilservice/Ole  Ringdal a/s. Oppstillingsplass er tenkt ved Sunnylven skule/samfunnshus.

Nye gründere kursa seg

Nyleg vart kurset ”Skal-skal ikke” halde på Hellesylt med 17 deltakara frå fleire stader på Sunnmøre. Mykje konkret informasjon om oppstart av  eiga bedrift kom fram, og som sikkert var nyttig for nye bedriftseigarar.

Vil lyse opp Hellesyltfossen

Om det går som tenkt skal Hellesyltfossen få monterast lyspunkt i berget. Eit pilotprosjekt som kan bli eit unikt skue på mørke vinterkveldar når is og vassmasser blir lyst opp.

Snart snøfritt til Stegholen.

Gode temperaturar har ført til stor snøsmelting dei siste dagane. Snart er den populære turvegen frå Vollset til Flofjellet snøfri til Stegholen.

Siste lokale skirenn

Under det siste lokale skirenn denne vinteren kjempa 109 deltakarar om tittlar og flotte premiar i Hyttehola søndag. Sunnylven IL stod for eit  perfekt arrangement med mykje publikum som skaper stemning langs løypa.

Skogrydding etter Postvegen

Postvegen få Ljøen til Ljøkaia er ei populær turrute for folk flest om sommaren. Stadig veksande vegitasjon har øydelagt mykje av den flotte  utsikta, men no er arbeid i gong med skogrydding. Ei ny og lite nytte strekning av Postvegen er leita fram.