Feira Lucia
Også i år vart den sesilianske helgendama Lucia feira på Sunnylven skule. Seks elevar i fyrste og andre klasse bar lys, song og spanderte lussekattar på dei andre elevane og tilsette ved skulen.
Også i år vart den sesilianske helgendama Lucia feira på Sunnylven skule. Seks elevar i fyrste og andre klasse bar lys, song og spanderte lussekattar på dei andre elevane og tilsette ved skulen.
Hellesylt Boutique & Bar har god kaffi og praktiske og smakfulle julegåver. Eigar av kaffibaren, Ellen Angelika Fivelstad har ope for gokjøp og peiskos mange dagar både før jul og i romjula.
Tradisjonen tru vart det juleverkstad på Sunnylven skule også i år. I kyrkjelydshuset i Hellesylt sentrum jobba elevane i småskulen og mellomsteget trufast, og fekk god rettleiing av sine lærarar.
Under familiegudstenesta i Sunnylven kyrkje søndag, vigsla sokneprest Svein Runde det nye pianoet kyrkja har motteke som gåve. Og Runde var glad for å få fortelje at gjevaren var Beate Hole og at han no på vegne av kyrkjelyden fekk lov å takke henne for den storfelte gåva....
Renovering av Sunnylven skule starta med å «strippe» bygget heilt ned og inn til betongkonstruksjonen. No fire, fem månader seinare er gjenreising av eit nytt og tenleg skulebygg kome godt i gong.
Møre og Romsdal Senterparti har halde digitalt nominasjonsmøte og sett opp valliste til Stortingsvalet 2021. På fyrste plass står Jenny Klinge frå Surnadal.
I 2021 startar The Fjords opp ferjeruta på Verdsarvfjorden mellom Hellesylt og Geiranger 1. mai. Siste tur går 30. september.
Regjeringa har stilt til disposisjon nye 300 millionar for reiselivsnæringa til å gjennomføre omstillingsprosjekt i samband med koronakrisa.
«På saltsteinen» – Det vart namnet på den vakre skulpturen framfor banken. Eit samrøystes styre valde dette framlegget i bunken på i alt 102 innkomne forslag. Vinnarframlegget i tevlinga som banken lyste ut, var sendt inn av Elina Alme, Stranda, og ho vil få seg tilsendt ein sjekk...
Venneforeininga for Hellesylt Bygdetun har sendt ut giro for betaling av medlemskontingent for 2021. Med følgde også ei julehelsing med oversikt over aktiviteten det siste året.
Det måtte folk i lift til stor høgde for å ordne energi til deler av julestasen i Hellesylt sentrum. Men i denne Sunnmørsbygda har det blitt jobba på store høgder før så det gjekk bra.
Juletombolaen til Sunnylven skulekorps vart avlyst i år. I staden vart det selt lodd og trekt 24 flotte gevinstar, mange gjevne av næringslivet i og utanfor bygda.
Julemessa på Sunnylven samfunnshus vart avlyst i år, men fleire rigga sine boder i gata på Hellesylt og med eit variert utbod varer.
Knut Hole, busett på Hole i Sunnylvsbygda er kjent for mange som bussjåfør i Stranda og Sykkylven billag i mange år, men han var også stor husdyrbonde saman med kona Signy. For seks år sidan starta han Hellesylt El-sykkelutleige. Knut Hole er glad i bygda si og...
I den seinare tid har fleire nemnt på at ein skulle fått i arbeid att det laget som heiter Hellesylt Vel. Som fortalt nedanfor har medlemmar i laget m.a. teke initiativ til ei beplanting av området på fyllinga ved elva. Hellesylt Vel er no eit 25 år gammalt...