Tagged: saniteten
Laurdagsbasar med sanitetslaget
Sunnylven sanitetslag inviterer til laurdagsbasar 17. oktober på Sunnylven samfunnshus.
Sommaravslutning i Sunnylven Barnehage.
Det vart dramatiserte eventyr, gla`song og god servering då Sunnylven Barnehage inviterte til sommaravslutning tysdag.
Pensjonistar på tur til Nordmøre
Pensjonistar i Sunnylven la ut på tur til Nordmøre etter Atlanterhavsvegen sist laurdag. Vi tok telefonen til leiaren i Pensjonistlaget Astrid Langeland for å frette frå turen.
Aktiv dag for sanitetslag
Sal av vaflar, kaffi, maiblomst og gåtrimmen jentebylgja stod på programmet til sanitetsdamene i Sunnylven torsdag. Også trimgruppa i idrettslaget var medarrangør til gåtrimmen.
Den lokale jentebylgja
I dag torsdag blir den lokale jentebylgja arrangert, eit trimtiltak mellom sanitetslaget og trimgruppa.
Triveleg Vårtreff
Sunnylven Pensjonistlag og Sunnylven sanitetslag gjekk saman om å arrangere Vårtreff for sine medlemar. Det vart trivelege timar for mange frammøtte.
Må ta vare på songskatten
Songskattane våre frå eldre tider held på å døy ut og langt færre kan å syngje dei. Mange er kan hende samde med Olav Slettebakk i denne påstanden.
Æresmedlem i Sunnylven sanitetslag
Under Vårtreffet for medlemer i Sanitetslag og Pensjonistlag på Sunnylven kyrkjelydshus laurdag vart Anne Gausdal tildelt diplom og utment til æresmedlem i Sunnylven sanitetslag. Det var leiar i Sunnylven sanitetslag, Kari Hauso Stadheim som stod for overrekinga til eit trufast medlem for laget gjennom mange år. I tillegg...
Barnehagen i Hyttehola
Torsdag drog Sunnylven Barnehage på tur til skianlegget i Hyttehola. Der vart det mykje kjekt i sola.
Karneval i barnehagen
I Sunnylven Barnehage hadde dei sitt årlege karneval torsdag. Også ein tryllekunstnar var på besøk.
Årsmøte i Sunnylven sanitetslag
Sunnylven sanitetslag har halde årsmøte der 18 medlemer møtte på Sunnylven kyrkjelydshus. Årsmelding og rekneskap fortalde om god aktivitet og god økonomi i laget.
Ny kyrkjelydssekretær.
Josefine Blindheim, Stranda er tilsett som kyrkjelydsekretær i Sunnylven. Ho tok til i jobben 1. oktober i fjor.
Godt besøkt laurdagskafe.
Fastelavnsris, betasuppe, bollar, kaffi, saft og kaker var på menyen då Sunnylven sanitetslag inviterte til laurdagskafe på Sunnylven samfunnshus.
Bjørkeriset klart til fastelavn
Sanitetsdamene i Sunnylven har gjort klar årets fastelavnsris, 100 bukettar bjørkeris pynta med fargerike fjør.
Strikka til nyfødde.
Jordmor Beate ved fødeavdelinga i Ålesund tok mot gåva som Kari Hauso Stadheim overrekte frå Sunnylven sanitetslag. Laurdag før jul vart ei stor kasse med strikka plagg til nyfødde og premature born levert på Ålesund sjukehus.